Dans på line
«Eg trur på det frie mennesket.» Dette credoet har ljoma gjennom historia som eit leiemotiv i tenkinga til menneska. Det har gjenlydd i revolusjonar og det har vorte ropa ut av opposisjonelle i kamp mot diktatur og undertrykking. Eit heva banner med bakgrunn i tanken om at menneska har ein grunnleggjande valfridom, og at samfunnet må akseptera det einskilde mennesket si rett til å velja fritt, tenkja fritt og leva fritt. I den franske grunnlova som vart utforma etter revolusjonen i 1789 heiter det at «menneska vert fødd frie og med like rettar».
I det moderne samfunnet er det frie, sjølvstendige mennesket vorte ein kongstanke. Individualismen vert stadig sterkare, og eg-et vert sett i sentrum og opphøgd. Eit ruvande monument over tusenår med frigjeringskamp som endeleg er vorte fullbyrda. Men samstundes er det så mange rastlause menneske.
Eg sit på ein benk i byen. Ein masse menneske hastar forbi meg. Nokre går aleine, andre hand i hand. Ei gruppe ungdommar stryk forbi. Dei ber alle like klede. Eg tenkjer: Finnest det blant alle desse eit fritt, uavhengig menneske. Kan ein i det heile tenkja seg eit menneske som ikkje let sine handlingar påverkast av andre enn seg sjølve?
Alle dei store revolusjonane har óg bore med seg eit anna slagord: «likskap og brorskap». Ei oppmoding til rettferd, fordeling og fellesskap. Ei erkjenning av at mennesket ikkje står aleine i denne verda, men først og fremst vert seg sjølve i møtet med andre.
Eg sit i bestemors hage og let minne frå ein barndom strøyma på. Minne om lukkelege sommardagar. Eit trygt paradis i ei usikker verd som eg ikkje kjende mykje til då. Eg stikk fingrane i jorda og kjenner etter. Ein fred kjem over meg. Som trea treng óg menneska røter. Fasttømra haldepunkt i tilværet. Kjende stadar og menneske. Ei historie. Mjuke hender og trygge ord. Me treng dei for å suga i oss vatn frå den skrinne jorda. For å kunna verta ståande når stormar rasar ikring oss.
Somme gonger når eg ser på gamle bilete kan eg høyra menneska der kviskra til meg. Kviskra evigvarande sanningar frå ei svunnen tid. Nett då har eg ei kjensle av å vera ein del av noko større, av å stå i ein samanheng. Knytt samen av dei usynlege banda som knyter seg til det å vera menneske.
Men samstundes som ein veit at ein er avhengig av andre er fråværet av fridommen og sjølvstenda utenkjeleg. For er det ikkje nett fridommen som gjer oss til menneske. Som gjer det mogleg å gjera moralske val?
Den franske filosofen Jean-Paul Sartre hevda at mennesket i sin natur er fridom. At det ikkje finst noko som mennesket ikkje står fritt i høve til. Den einaste begrensinga er at mennesket ikkje sjølv kan velja å ikkje vera fritt. Det som skapar problem er at menneska møter andre menneske. Når to fridommar møtest fører det til ein spent situasjon fordi dei alltid vil forsøka å fornekta kvarandre.
Historia har eit utal gonger syna oss at ufridom og einsretting kan få katastrofale følger. Nazi-Tyskland og Russland og Kina under kommunisttida er alle døme på regime kor fridommen hadde dårlege kår. Regime som var prega av intoleranse og tortur mot alle dei som ikkje retta seg etter synet til regimet.
I desse regima finn vi óg gode prov på makta behovet for tilknyting kan ha over menneska. Då Nazi-Tyskland fall, spurde mange seg korleis så mange kunne verte nazistar. Eit av svara dei fekk var: Me kjende oss som ein del av noko større, som brikker i eit større spel. Eller om jødeutryddingane: Me følgde berre ordre.
Eg kjenner etter. Eg veit at dei same kjenslene gjer at eg og søkjer etter røter. Søkjer ros og lovord og tilhøyring. Men samstundes veit eg óg at eg ynskjer å vera fri og sjølvstendig. Ta mine eigne val, og gjera mine eigne vurderingar. Eg kjenner meg strukke. Spent ut mellom to ytterpunkt. Eg er uroleg.
Finn Skårderud skriv i boka Uro at: «En grunnleggende motsetning for oss er behovet for frihet og behovet for tilknytning.» I dette spenningsfeltet er det me lever liva våre. Det kan kjennast som å dansa på line. Ein fin balanse mellom fridom og tilknyting. Det er ein spanande balanse, men han er vanskeleg óg.
Mange moderne menneske vert overvelda av all fridommen og alle vala dei er nøydde til å ta. Dei føler at dei ikkje strekk til, at dei ikkje greier å gjera dei riktige vala. Dessutan er det så lite som skal til før det går gale. Eit feiltrinn, eit lite vindkast og så mistar ein balansen og fell. Skårderud seier at som psykiater «kommer moderne kultur ikke minst til uttrykk gjennom de mange møtene med sårbarheten». I dette finnest ei viktig erkjenning om det å vera menneske. Ei erkjenninga av det sårbare ved mennesket.
Sting har skrive ein sang som heiter Fragile. Ei påminning om kor sårbare me er. Kor lett den fasada me har bygt opp kan falla saman. Kor lite som skal til for å fella oss. Menneska er på mange måtar som tynne glas av krystall. Vakre, med skarpslipne og innfløkte fasettar som lagar eit spel av lys, men samstundes så uendeleg skjøre.
Eg står på toppen av eit fjell. Ei raud line strekk seg ut framfor meg. Ut i tåka. Eg vil ut og danse. Eg vil stå her med beina planta på det faste grunnfjellet. Kva skal eg? Lytta til røystene som kviskrar «dans, dans». Lytta til dei som kviskrar «vert ståande». Lytta til meg sjølve. Kven nå enn det er?
Eg treng å vera fri. Eg treng å høyra til. Eg treng å dansa. Eg treng å vera stille. Å vera menneske er å navigera mellom motsetjingar. Å balansera mellom polaritetar. Fri og bunden på same tid.